The little family blog

onsdag, mai 28, 2008

 

office music


Etiketter: , ,


 

Mixtape til folket


Kom over eit nytt bra konsept på nettet her om dagen - Muxtape. Vi huskar alle den gamle gode kassetten. Ja, den med to sider som vi kunne spole fram og attende. Og så kunne vi ta opp musikk på kassetten. Om att og om att. Og vi kunne ta opp forskjellige songar i ein nøye gjennomtenkt rekkefølgje – mixtape.

Og så kom cden og ting forandre seg ein god del.

Og så kom eg altså over Muxtape.

Greia er enkel. Du opprettar ein konto, lastar opp musikken din og setter den i den rekkefølgja du meinar høver seg best. Og vips-vaps så har du (og alle) andre ein mixtape som er nøye gjennomtenkt og nydelig å ta med seg vidare på den smale vegen. Og så kan du sjølvsagt lytte på andre sine mixtapes. Og her om dagen kom eg også over ein søkemotor for Muxtape som heiter (hold deg fast) MuxFind.

Det er så mykje deilig musikk på gang no. Eg treng nokre veker fri med internetten direkte kobla til stereoen.

Kan eg få anbefale nokre mixtapes?
http://tamjpn.muxtape.com/ - diggar Moon over Bourbon street versjonen, i tillegg er jo Waits og Sinatra alltid bra.
http://micspecial.muxtape.com/ - mykje deilig jazz.
http://andreasjp.muxtape.com/ - mykje rart og moro her. Men Queen og McFerrin rockar alltid


Lenker:
http://muxtape.com/
http://muxfind.com/

Etiketter: , , , ,


søndag, mai 11, 2008

 

SMS

tikka inn ein spennande sms her om dagen:
Hei Hallvard! Jeg er en stor fan av Ragnhild. Jeg så på nettet at du har autografen hennes. Er det mulig å få en kopi av den?
Grunnen til denne smsen tippar eg kjem frå denne bloggen frå agust 2006. Og kven er vel ikkje fan av Prinsesse Ragnhild?

Eg svarte så godt eg kunne:
Jau, no var vel ikkje den blogg-posten heilt seriøs. Berre nesten. Men eg føler meg raus. Kor mykje er du villig til å betale?
Strålinga sto i taket og svaret tikka kjapt inn på mobilen:
Det skal ikke stå på penger, Hallvard. Rio-Ragnhilds venner strekker langt for en autograf. Det er prinsippet som teller.
No håpar eg berre Rio-Ragnhilds venner har plass til meg også.

Etiketter: ,


onsdag, mai 07, 2008

 

Dagens mashup = last.fm + youtube

Denne er fin. Ei nettside som koplar saman din personlege musikksmak frå last.fm og hentar videoane til musikken din frå youtube. Kva får du? Timevis med nydelig underhaldning.

Og om du ikkje har eit brukarnamn/konto på last.fm kan du jo bruke mitt – Jazzyhal – for eg har jo tidenes musikksmak (og ego).

http://tv.timbormans.com/

Etiketter: , , , ,


mandag, mars 17, 2008

 

Livsstraumen


Eg er blitt fast brukar (avhengig) av ein del nettenester. Mange av dei har ein sosial dimensjon. I staden for å klikke seg innom kvar enkelt av sidene har eg no samla alle (feedsa) på ein plass, med andre ord har eg samla (nesten) alle nettaktivitetar på ein plass. Her dukkar det opp inforamsjon når eg skriv ein ny bloggpost, microbloggar, anbefalar ein artikkel eller ei lenke eller kjem over musikk som er bra. Som om ikkje dette var nok kan andre brukarar kommentere kvar enkel hending, om ein då ikkje allereie har kommentere noko på bloggen eller andre plassar.

Steike, det blir fort mykje av det gode.

Vel, tilbake til saken. Dette blir kalla livsstraum (på internettspråket heiter dette lifestreaming). Konseptet er endå ganske nytt og fleire tenester freistar å vinne kampen om den største delen av brukarane. Slik eg ser det er FriendFeed i front med flest mulige tilbydarar. Men, for det er eit men - FriendFeed gjer jobben og feedar alt som skjer. Det blir mykje og det er endå ikkje lagt inn noko filterval. Dette blir fort naudsynt. Facebook sin funksjon der brukaren kan vere med å påverke filteret på news-feed kan fort bli aktuelt her også.

Sjekk ut livsstraumen min her og kommenter kva du trur om det heile.

Moro å prøve nye ting

Andre om lifestreaming:
NRKbeta om lifestreams (14. februar 2008)
Friendfeed: Cute, yes. Helping? No. (17. mars 2008)

Etiketter: , , ,


søndag, mars 16, 2008

 

Kva gjer eg når eg ikkje bloggar?


For det er ikkje ofte eg bloggar her, det skal eg fint innrømme. Og det skjer ting rundtromkring mellom kvar bloggpost her. Siste nytt, for min del, er microblogging gjennom det sosiale nettverket Twitter. Dette er ei teneste som har teke heilt av i statane, men så langt eg kan sjå ikkje har teke heilt av her i landet.

Twitter vart lansert i juni 2006 og handlar kort og godt om å svare på spørsmålet ”What are you doing?”. Eg har 140 teikn å svare på (tilrettelagt for sms) og eg kan sjølvsagt svare akkurat det eg sjølv vil. Elles hadde det jo ikkje vore Internett. Alle som har valt å følgje meg på Twitter kan få mine siste oppdateringar gjennom sjølve nettenesta eller RSS, SMS, mail eller IM. Det er opp til deg, eller meg.

Ein ting ein kan bite seg merke i er at det meste av trafikken på Twitter ikkje skjer på twitter.com men gjennom sms, rss, msn og ikkje minst widgets (små applikasjonar). Nettrafikken er i ferd med å snu og komme heim til oss. Vi treng ikkje lenger oppsøke informasjon på nettet. Informasjonen kjem heim til oss slik vi bestemmer den skal komme.

Twitter handlar kort og godt om å tilfredstille kikkaren i oss. Kvifor brukar vi endå Facebook? Jo, får vere oppdatert på kva vennene våre (eller dei andre eg berre har møtt eit par gonger) held på med.

Og kor ofte gidd vi å oppdatere bloggen vår. Bloggen skal liksom vere ein lenger og meiningsfylt tekst. Men kven har tid til meiningsfylte ting?

Så her er eg på Twitter: twitter.no/jazzyhal

Og her er ein morosam video som forklarar konspetet Twitter på ein deilig måte

Etiketter: , , ,


fredag, februar 15, 2008

 

framtida til webben

...kan fort sjå sånn ut om nokre år. Berre litt meir velstand og båndbredde, og så er det gjort. Eit nytt språk kan ta over.

Etiketter: ,


lørdag, februar 09, 2008

 

Merkedag


I dag stod L og eg opp. Det gjer vi kvar dag. Men i dag stod vi opp til ein liten merkedag for L. Etter ein solid frukost, litt Pippi på DVD, svart kaffi og godt humør samla vi saman alt av smokkar i huset. Vi satte oss ved bordet, forfatta eit brev, la smokkane i konvolutten og limte det heile saman. L sa kva eg skulle skrive:

Hei Nissen No er eg stor gut og eg treng ikkje smokkane mine lenger. Kanskje du kjenner nokon små ungar som treng dei no... Helsing L

Etter dette tok vi på oss utekleda, satte oss i bilen og fant ein raud postkasse. Inn i brevsprekken dyttta L konvolutten med eit alvor i andlete.

"Eg håpar Nissen finn nokre små ungar som kan få smokkane mine, pappa"

Etiketter:


fredag, januar 25, 2008

 

mat

Dette landet har veldig mykje mat. Restaurantar og kafear i alle prisklassar plassert over alt i landet. I kvar ein sving. Og uansett prisklasse har dei milelange menyar og matfat som kan mette heile afrikanske nasjonar. Og et du heile fat blir du feit, og et du ikkje heile fatet kastar ein resten.

Og saa er det saa veldig billig her, takka vere daarlege leiarar som proever aa drive landet mot eit eller anna stup. For same prisen som eit par gode koppar kaffi fekk vi her om dagen tre vinterjakker til sonen. Good deal!

I gaar gjekk L og eg under vatn i ein saann glastunnel. Over og rundt oss svoemde mange haiar. L vart veldig redd, men etterkvart byrje han aa synge "Ro-ro til fiskeskjaer" og saa vart alt bra.

I dag skal vi sjekke om dyra i dyrehagen frys.

Etiketter:


onsdag, januar 23, 2008

 

Forbruk som reddar

her, i dette landet, er befolkningen bedt om aa ta i eit tak. Solidaritet, kanskje? Befolkningen er bedt om aa handle meir, bruke meir pengar, for aa redde oekonomien. Det er i utganspunktet ein interessant plan. I tillegg, for aa naa dette maalet om meir forbruk, senkar sentralbanksjefen renta og Presidenten saman med dei andre folkevalde vurderar skattelette slik at eit par kan faa opptil $1600 meir i hendene til aa handle for.

Saman med mykje laan blant befolkninga og lite oppsparte midlar byrjar ting aa lukte brent flesk. Og saa var det denne (nesten) globale einsmeda om at miljoet ikkje er heilt i vater. Meir forbruk, sa dei...??

Og naar vi ikkje tenkjer paa den saarbare oekenomien koeyrer vi rundt i ein Mazda Pasta (som L kallar den), besoeker butikkar og et god mat. Og saa er det saa mange andre bilar her (som L seier fraa baksete sitt).

Og oppi alt styret om auka forbruk dreg vi i dag ein tur til verdas stoerste kjoepesenter. For aa stoette dei stakkars amerikanarane med den daarlige oekenomien.

Etiketter:


tirsdag, januar 22, 2008

 

Ski - Oslo - New York - Minneapolis


Mandag reiste vi. Opp kl 06 lokal tid, framme kl 18 lokal tid. L spent, men sovna likevel foer flyet letta fraa Gardermoen. Sov ein time.

NY: Kom oss lett gjennom naalauga og vart godkjente som turistar med utreisedato. Nydelig vaer ved innflyvningen og vi fikk sett hele skyline og Frihetsstatuen mens vi floy lavt inn.

Edina: Mer sno enn i Norge og i dag er det minus 13 grader. Lille L holdt ut til etter kl 20 lokal tid (som tilsvarer klokka 03 i hodet), men var til gjengjeld oppe igjen kl.03 lokal tid og hadde da et par timer med film og lesing for han tok en liten nap igjen.

Konklusjon saa langt: 1.Ja, vi har pakket vaar egen baggasje! 2.Det har gatt stralende a reise med en nesten-3 aaring. 3.Og- andre steder er kaldere enn Norge.

Etiketter: ,


søndag, januar 20, 2008

 

ferie


i morgon reiser vi ein tur over til den andre sida av havet. Der, på den andre sida, kan alt skje. L er veldig spent. Vi er ganske spente også.

Blir der i 10 dagar. Gledar oss over lav dollarkurs.


 

tiår


Her om dagen passerte eg eit nytt tiår på vegen. Eg skulle berre i butikken for å kjøpe noko til middag. Det gjekk veldig fort. I det eg skjønte at tiåret hadde tenkt å passere meg på venstre side klarte eg å rekke opp ei hand for å vinke. Eg er endå usikker om tiåret såg at eg vinka.
-
Håpar det er lenge til neste gong eg støyter på tiåret. Det burde vere meir enn nok, for eit godt utdanna tiår, å hengje fingrane i. Sikkert ein mengde andre folk å plage med sine kjappe passeringar.



torsdag, desember 06, 2007

 

coachande

Kicks skal opne sin fyrste butikk og søkjer i den samanheng etter butikksjef (med stor B i annonsen) og seljar (med stor S, sjølvsagt). Dei ser spesielt etter leiarar som er "tydelige og kommunikative samt har en coachende væremåte".

Om eg gjekk ned ei gate og plutseleg vart stoppa av ein mann i dress og slips som spurte om eg var ein coachande kar.... ja, så ville eg vel ha nikka til det.


onsdag, november 28, 2007

 

Terra-ferra (til Mexico)


Med tanke på at det stort sett er ordførarar frå Arbeiderpartiet som står bak Terra-merra vil eg foreslå at Arbeidarpartiet blir satt under administrasjon av departementet og at Arbeidarpartiet sentralt får krav om å betale tapet til dei stakkars kommunane der nord.

Etiketter:


tirsdag, november 27, 2007

 

Kjerringa med staven

Deilig start på arbeidsdagen når NRK jazz kan spele eit livekutt frå Moldejazz i 1964 der Dexter Gordon møter Ivar Medås. Saman spelar dei ”Kjerringa med staven” og humøret mitt har stige mange hakk ekstra.

nrk.no/jazz

Etiketter: ,


fredag, november 23, 2007

 

nettsjef


Fredagen kom attende veldig fort denne runden. Rundetidene blir betre og betre for kvar veke som går. Ny verdensrekord kvar gong.

I tillegg har vinteren meldt seg i Molde og berre eit steinkast lenger borte skal vi runde over til desember. Desember, denne herlege månaden som alt er kledd i raudt.

Og sidan sist, som alltid er ei god stund sidan, har eg avslutta eit stort arrangement og tatt på meg tittelen nettsjef (ja, vi har oversatt webmaster til dette språket). Eg skal no sjå til at ungdom i Møre og Romsdal helst held seg trygt på UNGweb.

I prosessen med å opprette ei sosial nettside for gjengen her har eg satt meg godt inn i liknande tilbod der ute på verdsveven. Eg er no fast brukar av:

Og der set eg strek. Snart på tide å kutte ned forbruket av sosiale tenester. Blir berre mindre sosial av dette.

Så, der har du meg på ein god dag

Etiketter: ,


fredag, oktober 19, 2007

 

Stor som pappa

- Pappa, seier han til meg
- Ja, svarar eg og skjønnar at noko er i gjerde.
- Når eg blir tre år blir eg stor
- Ja, du blir ein god tanke større, svarar eg.
- Når eg blir tre år får eg like store øyrer som deg, og så får eg like stort hovud som deg og, fortset han.
- Ja, du blir nok større, men eg trur ikkje du skal satse på øyrestørelsen min, svarar eg.
- Når eg blir tre år skal eg bli pappa, fortel han vidare. - Eg skal ikkje bli mamma, neiiii, eg skal bli pappa når eg blir tre år.
- Eg håpar du ikkje blir pappa når du blir tre år, eg håpar du ventar ei god stund med å bli pappa, svarar eg. - Eg håpar du kan vente minst ein del år til.
- Ja, det kan eg gjere, pappa, svarar litt skuffa. - Eg kan vente litt til, men når eg blir tre år er eg stor, sant pappa?

Etiketter:


søndag, september 16, 2007

 

prosent eller prosentpoeng

Spør om språk (Dagbladet søndag 16. september 2007):

Vi kan lese at Noregs Bank har hevet renten med 1,5 prosentpoeng til 4,5 prosent. Men det kunne vel like gjerne ha stått at Noregs Bank har hevet renten med 1,5 prosent til 4,5 prosentpoeng? På skolen lærte vi om prosent, men hørte aldri om prosentpoeng. Er dette en medieskapt uttrykksmåte? Hva mener Uri & Tonne?

Hilsen en leser frå Vågå

Det dukkar opp ei rekkje tankar rundt det eg les:

1) Dagbladet: Takk for initiativet til denne språkspalta. Det er naudsynt.

2) Du frå Vågå: Spør mor di før du skriv inn eit spørsmål til riksdekkande media.

3) Mor til lesar frå Vågå: Kva tenkte du på?

4) Du frå Vågå: Du var ikkje på skulen den dagen dei andre lærde om prosentpoeng

5) Alle: Ikkje ta opp store lån dersom du ikkje veit forskjellen på prosent og prosentpoeng

6) Kristin Halvorsen: SV kan ønskje at nedgangen i valoppslutninga var på 6 prosent og ikkje 6 prosentpoeng…

7) Du frå Vågå: Verda, slik du ser den, er faktisk ikkje mediaskapt. Dropp Se&Hør, Dagbladet og VG og opplev ein ny verden.


I morgon reiser eg (faktisk) til Vågå. Gruar meg litt no

Etiketter:


søndag, september 02, 2007

 

Liten jobb

Vi et middag saman.

- Kva har du gjort på i dag, spør eg L.
- Eg har vore på jobb, svarar han.
- Kva gjer du på jobb, spør eg.
- Eg er der med folka mine, dei små folka mine.
- Skal seie, svarar eg. – Du har din eigne folk du, altså.
- Ja, eg har ein liten jobb med små folk, svara han. – Du har ein stor jobb, mamma har ein stor jobb og eg har ein liten jobb.
- Kva tenar du på denne vesle jobben din med dei små folka dine, spør eg.
- Eg tenar 300 kroner, svarar han fornøgd. – Dei ligg i lommeboka mi. No kan eg kjøpe mat.
- Det er fint, svarar eg. – Det er fint at du kan bidra litt til fellesskapet.

Etiketter:


 

kanskje ikkje avbetaling

Tenkte eg skulle kjøpe nokre kablar. Har alltids bruk for nokre kablar. Det er endå ei lita stund til lønna er å finne på kontoen min, så kanskje eg skal ta det på avbetaling....




eller kanskje ikkje

torsdag, august 30, 2007

 

Vi står opp

Det er tysdag. Eg søv under dyna mi der det endå er varmt. Klokka er ikkje komme seg fram til halv sju endå. Ute har nokon skrudd ned varmen ein tanke for mykje. Verden står stille og det kan godt hende eg drøymer eit eller anna fint.

Eg skvett plutseleg til og trur fyrst at Aukra skulekorps har brote opp døra og marsjert inn på soverommet mitt. Kan hende skulekorpset frå Aukra har byrje med vekketeneste for å tene pengar til den neste korpsturen til Finland, tenkjer eg. Eg lar det eine auga forsiktig ta inn litt av lyset og ser at det er Tigergutt som hoppar og synge like ved øyra mitt.

- Sjå, der er Tigergutt, pappa, seier L med eit stort smil om munnen. – Sjå pappa, der hoppar han.
- Ja sjå der, klarar eg å kremte fram. – Skal seie Tigergutt er voldsamt vaken akkurat no.
- Vi er ferdige med å sove, seier L og kryp opp under dyna mi. Han legg dei kalde beina på magen min og tilbyr meg ein smokk.
- Vi kan kvile litt til, seier eg og let auga att.

Det blir stille i 1min

- Pappa, du har skjegg i nasen din, seier L litt overraska.
- Det trur eg ikkje noko på, svarar eg med auga lukka.
- Jo pappa, sjå, du har masse skjegg i nasen din. Kom, vi må ta det vekk, seier L bestemt.
- Det er ikkje så farleg med det, prøver eg meg. – Det er ikkje skjegg, berre nokre få hår. Vi kan ta det vekk seinare.
- Det er ikkje hår, pappa. Det er masse skjegg. Vi må ta det vekk. Kom, seier han endå meir bestemt.
- Nei, la meg få sove no, seier eg. – Vi må kvile oss litt til før vi skal i barnehagen.

Det blir still i 30 sekundar

- Pappa, du har tyfus, seier L litt overraska.
- Det trur eg ikkje noko på, svarar eg med auga endå lukka.
- Jo pappa, no har du masse tyfus på deg. No er du sjuk. Du må vere lei deg.
- Eg er lei meg, seier eg oppriktig. – Veldig lei meg.
- Eg vil ha fisk på skiva mi, pappa. – Kan et få fisk?
- Du skal få fisk, men kan vi ikkje vente litt til? Kvile litt til, foreslår eg.
- Nei pappa, du har tyfus, vi må ete frukost no. Skive med fisk. Kom, seier han på veg ut av senga med dyna mi etter seg.

Eg står opp og lagar skive med fisk på. Etterpå skal eg ta ein prat med Tigergutt. Så kan arbeidsdagen byrje.

Etiketter:


fredag, august 24, 2007

 

Bæsj

Telefonen ringjer. Eg tek telefonen.
- Pappaen min, ropar L i det andre endren. - Eg har bæsja masse på do. Eg har bæsja på doen til Besta, pappaen min.
- Så flink du er til å bæsje på doen, svarar eg stolt.
- Ja, eg er flink til å bæsje, pappaen min, ropar han attende. - No skal Besten og eg ut å jobbe. No kan du snakke med Besta, pappaen min. Ha det bra.
- Adjø, du får jobbe fint, svarar eg.

Etiketter: ,


fredag, mai 11, 2007

 

Epost frå far

Alltid kjekt med epost frå han far:

Dear children,

I find it both inspirational and reassuring to hear yet another courageous, coherent and insightful comment on current circumstances which may lead to our demise. We must not succumb to the incessant barrage of propaganda by which we are so easily deceived. Be strong and be vigilant and in the words of Crosby, Stills, Nash and Young, “Teach your children well”.

And then listen for just 4 minutes:

NRK, P2 radio:
Morgenkåseri from today, 11.05.2007, kl 07:25.


onsdag, mai 09, 2007

 

Sein demonstrasjon

I dag, 9. mai, aksjonerte ein rekkje organisasjonar mot pensjonsreforma. Velkommen etter!

23 april i år vedtok faktisk Stortinget endeleg nytt system for opptening og uttak av alderspensjon i folketrygda. Endeleg vedtak, altså. Systemet er banka. Nokre detaljar står att, men systemet er i boks.

Allereie 19. mai 2005 inngjekk regjeringspartia Venstre, Høyre og KrF ein pensjonsavtale med Ap og Sp.

Sidan 2005 har studentorganisasjonane jobba hardt for ein meir rettferdig pensjonssystem.

29. januar i år sto studentorganisasjonane saman med Akademikerne og Unio, samt ei rekkje ungdomspolitiske parti utanfor Stortinget og ropa høgt om pensjonspoeng for utdanning.

Studentorganisasjonane pressa på heilt fram til natt til 23. april, men vi tapte. Hyggelig at andre kastar seg på kampen om betre pensjonssystem, men litt seint….kanskje…

Velkommen etter, og lukke til med å demonstrere mot allereie vedteke saker.

Etiketter:


fredag, april 27, 2007

 

Generalforsamling

I dag fekk eg innkallinga til årets generalforsamling. God norsk litteratur. Styret har valgt å rapportere sin aktivitet i tjue punkt. Tjue godt skrevne punkt.

God helg

Hal
Medlem av folke aksjonen mot ord deling


mandag, april 23, 2007

 

Sjuke barn er ikkje det verste

Heime med sjukt barn i dag. Til vanleg tilseier sjukt barn dårleg samvit for det eg ikkje får gjort på jobben. I tillegg dukkar kravet om ein heilt annan type energi og tolmod opp. Sjuke barn krev ein del.

I dag skein sola og termometeret passerte 10 grader med eit skeivt smil om munnen. Eg skjønte at eg kunne spele korta mine fornuftig og vinne minst ei øvre hand. Då sola sto på det høgaste og termometeret fortsette forbi ti, sovna vesle håpefulle i vogna og eg hadde ein heil by for meg sjølv. Ein park, ein benk, kaffi og is er ikkje det verste på ein måndag når alle andre er på jobb.

Eg naut det heile.

Men ein kan lure på kva alle dei andre folka gjer på. Rundt meg i byen, for ikkje å snakke om i parken, var det masse av folk. Veldig masse folk. Eg trudde ein måndag i april, litt etter klokka tolv, ville vere ei einsam tid i parken. Eg trudde det skulle vere sånn fordi store delar av arbeidsstyrken skulle vere på jobb.

Slik er det altså ikkje.

Nokon er sikkert heime med sjukt barn slik som meg. Andre har kanskje ilt i ein fot, nokon er studerande og andre er ferdig arbeida. Og så er det kanskje ein haug andre, meir eller mindre, gode grunnar for å vere i parken på ein måndag i april litt etter klokka 12.

Det er heile har vel med at vi er ein gjeng individualistar som vil gjere akkurat det vi vil når det passar oss best. Velkommen generasjon MeWe.

Uansett, i morgon, tysdag, litt etter klokka tolv, finn du meg på kontoret mitt.

Etiketter:


torsdag, mars 29, 2007

 

Farvel Djupedal

Eg er ein av dei (mange, trur eg) som ser fram til at Djupedal tek med seg hatten og frakken og forlet kontoret til KD. Mannen har faktisk ikkje gjort noko god jobb. Likevel, og litt til forsvar for Øystein Kåre, var ikkje den største feilen å tilsette han som statsråd. Den største feilen var å samle barnehagar, høgare utdanning og forsking under same tak. Så langt har det vore meir eit tapsprosjekt. Spesielt for den eine parten. Ingen synergieffektar og ingen raud tråd frå barnet møter opp i barnehagen til barnet avsluttar sin doktorgrad.

No manglar det berre to små bomber til i media og Øystein Kåre er velta. Det store spørsmålet blir kven som skal, og kan, ta over. Eg reknar med SV vil tvihalde på kontorstolen, men har dei eigentleg nokon som kan ta over? Reikvam er utelukka etter at han, pga av Djupedal, vart flytta frå KUF. Damene til SV i KUF er for lette. Heikki er for opptatt av finans og CO2 om dagen.

Kan hende trioen (les: Stoltenberg, Haga og Halvorsen) gjer større omrokkeringar for å dekke over at Djupedal mistar jobben utelukkande pga mangel på resultat?

Frykta er at hovudet til Giske bankar på døra att.

Etiketter: ,


søndag, februar 25, 2007

 

Skuldig

Stussa litt då eg skulle skifte bleie på Lenny inne på eit stellerom på eit ganske stort kjøpesenter i nærleiken. På døra var det klistra opp to lappar.

Ein lapp med info om det lokale krisesenteret med telefonnummer og det heile.

Og ein lapp med info om det lokale incestsenteret.

Akkurat som på flyplassen - omvendt rettsprinsipp - skuldig til det motsatte er bevist.

Etiketter:


 

Molde


Nummer 317 tok oss til Molde i Møre og Romsdal. Eg hamnar i kategori 10.8.8 - Permisjon på grunnlag av flytteplikt for ektefelle, samboer mv. og må sjå til å finne meg ein ny jobb. Heldigvis reklamerar Molde kommune med at dei – stikker seg ut. Det kan berre bety at ei god bøtte med spenning står og ventar på oss ved ferjekaien i Molde.

Sjansane for at eg blir lærar for ein god porsjon små håpefulle med bokstaven ”I” kirurgisk operert inn i ganen er stor. Større spenning er det rundt korleis dette Moldebesøket vil påverke vår eigen håpefulle. Utsiktene er i stor grad lyse.

Mindre moro er det å avslutte eit års karriere som rådgjevar og konsulent for ein gjeng, tidligare håpefulle, engasjerte personar som berre vil det beste for alle innanfor eit organisatorisk system og regelverk som ikkje liknar på noko anna eg kjenner til.

Etiketter:


mandag, februar 12, 2007

 

317

Vi er nummer 317.

Det er eigentleg kona mi som er nummer 317. Men dette nummeret har så mykje å seie for familien at ein på mange måtar kan seie at det er heile familien som har fått nummeret. 317 er på mange måtar eit høgt tal, spesielt med tanke på denne samanhengen. Kona mi skal, som nummer 317 i rekkje, velje seg ein plass ho kan jobbe og bu. Og på plassen ho vel skal Lenny og eg også vere. Det er mange andre plassar før 317, og kanskje ikkje så mange plassar å velje mellom etter 316. Kan hende vi kjem på ein plass vi aldri har høyrt om før, ein plass vi ikkje viste det var mulig å bu på?

Etiketter:


mandag, januar 22, 2007

 

Pensjonsaksjon foran Stortinget


29. januar kl. 13.00 markerer studenter kravet om pensjonspoeng for utdanning. Studenetens Landsforbund, Norsk Studentunion, Akademikerne, Unio og flere politiske ungdomspartier vil møte opp fremfor Stortinget for å protestere mot det nye pensjonsforslaget fra regjeringen.

Selv om det for mange av oss er lenge til vi blir pensjonisert må vi allerede nå tenke på alderdommen. Forslaget til den nye pensjonsreformen kan gjøre det økonomisk ugunstig å ta høyere utdanning ved at man ikke får pensjonsopptjening under studiene. Den nye pensjonsreformen går over fra besteårsreglen til alleårsreglen, der alle inntekstgivende år skal danne grunnlag for pensjonen.

Folk som velger høyere utdanning kommer senere ut i yrkeslivet, og må derfor jobbe lengre enn folk uten høyere utdanning for å oppnå samme pensjonsopptjening. Dette er et større problem her enn i mange andre land, siden Norge har små lønnsforskjeller mellom folk med og uten høyere utdanning.

Vi krever en kompensasjonsordning for tapt arbeidstid, og foreslår en pensjonsopptjening tilsvarende 2,5G (G=Grunnbeløpet i folketrygden) per år for fullført bachelor og mastergrad. I tillegg må det gis ytterligere pensjonsopptjening per år for studenter med embetsstudier.

Vi ønsker at studentene ikke skal tape pensjonsopptjening på å studere, og oppfordrer alle til å delta i markeringen foran Stortinget mandag 29. januar kl. 13.00!




Ja, eg blandar jobb og privatliv. Og er sikkert på veg mot ein eller annan avgrunn.


søndag, januar 21, 2007

 

Åleine heime

Eg trudde ikkje det var mogleg, men i kveld vart eg drit redd etter å ha sitte åleine i ei mørk stove og spelt på boksen. Kom over eit rimeleg spel og tenkte at eg skulle nytte meg av den fine boksen under fjernsynet. Eg rigga meg til, skrudde på og lot skuldrane senke seg. Helg og heilt åleine i huset. Det tok ikkje lange tida før skuldrene var oppe att, hjerta banka litt fortare og eg synst det var litt for mørkt rundt meg.

Og så enda det heile med at eg skrudde av boksen.

Etiketter:


tirsdag, januar 16, 2007

 

øyra blir større

I morgon skjer det att. Eg ser slutten på to, snart ferdiglevde, tiår. Eit år att før eg rundar eit symbolsk punkt. Kanskje blir det eit vendepunkt, eller kanskje forsøv eg meg berre til noko viktig. Forsøv meg til noko eg burde ha vore på, der folk er avhengige av at eg er tilstades og har noko fornuftig å seie.

No har eg eit år på meg å få gjort alt det ein skal gjere mens ein er å finne på tjuetalet. Eg veit ikkje heilt kva det skal vere. Eg veit ikkje om det finst noko så spesielt som ein ikkje kan gjere ein vinterdag etter at ein har flytta seg over på trettitalet?

Og så lurer eg på kor tid eg kan byrje seie at eg ikkje er ung lenger. Det er mange som likar å seie at dei ikkje er unge lenger. Dei som har sagt det under mitt oppsyn har alle vore eldre enn meg. Det er naturlig. Men kor tid kjem eg til det punktet at eg ikkje er ung lenger. Og om eg ikkje er ung lenger, blir eg automatisk gammal resten av tida?

Etiketter:


søndag, januar 07, 2007

 

Spis smart : mat for hjernen


Dyktig, skrivefør, produktiv og vakker kone.

Og kvifor er ikkje eg så smart....??







Tanum

Maten som holder deg frisk (Side 2 12.01.2007)

Etiketter:


fredag, januar 05, 2007

 

Bossa i sør

Viste du at alle musikarar som ikkje kan spele med andre musikarar er trygt plassert på ei øy langt sør? Du viste det kanskje, men eg viste det ikkje før no nettopp. Det var no i jula eg fant ut av dette fenomenet. Eg tenkjer på musikarar som berre spelar saman med datamaskina si, maskiner som i gamle dagar inneheldt Band-in-a-Box. Dette fenomenet gjeld spesielt engelske menn som, blant anna, kan klimpre Stairway to heaven på ein gitar mens datamaskina slår ein herleg bossa-takt. Fordi det er, ganske ofte, ikkje mange rytmeartar ein har å velje mellom. Og det viser seg altså at det meste går til bossa.

Greia er altså at ein sit der på ein uterestaurant og skal prøve å fylle magen etter ein lang dag med mykje sol og varme. Servitøren i kvit skjorte med litt for mange knappar oppe og eit digert gullkjede prøver seg med dårlige vitsar til kona di. Han vil at ho skal betale middagen i dag og alle ler høfleg med. Mens ein sit der og prøver å finne ut kva for slags mat dei kan finne på å steike godt og lenge sit det ein engelsk mann på podiet med gitaren og rytmeboksen og spelar Imagine til bossa-takt. Godfoten min, eller rytmefoten om du vil, nektar å rikke på seg. Foten streikar og eg kjenner ein intens uvilje mot det musikalske makkverket. Ingen applauderar etter at siste splashcymbal har sagt sitt. Folk latar som om ingen ting har skjedd. Den engelske mannen med gitaren ser litt tomt ut i lufta, skrur ned tempoet på rytmeboksen, rullar i gang ein ny bossa og syng ein eller annan song som Elton John sikkert har skrive.

Heldig som eg ofte kan vere vart eg denne jula invitert til ei øy langt sør saman med familien min. Lang flytur, lange lyse dagar, mykje sol, mykje varm og mykje basseng. Godt for kroppen ei god tid framover.

Men, det var altså på denne øya at eg fekk eit litt mindre godt forhold til bossa på boks.

Eg lar heller vere å fortelje om alle sjå-ut-som-stjerner-artistane. Spesielt briten som underhaldt på den lokale puben som både, ja både, Elton John og Tom Jones. Tenke seg til å sjå ut som to forskjellige artistar samstundes!

Etiketter: , ,


mandag, desember 25, 2006

 

julekorps

Det spelte eit korps i kyrkja i går. Korps er sjeldan bra. Og ein ting er sikkert, korps kan ikkje akkompagnere song. Men, kvifor var korpset invitert i kyrkja i går? Denne eine dagen i året kyrkja er fylt til randen. Denne eine dagen kyrkja verkeleg kan rekruttere nye medlemmar og slå fast at dei tilhøyrer ein del av det ordinære samfunnet, eller staten om du vil.

Min vesle teori rundt dette med korps i kyrkja er ganske enkelt og høgst sannsynleg reelt. Som vi alle veit er korps ein del av fagforeiningsmiljøet. LO har, gjennom Valla, teke kontroll over kyrkja og saman med Ap tvinga sosialismen inn bak veggane. Valla støttar statskyrkja mot at kyrkja tek inn korpsa. Valla tenkjer nok at ho skal kunne omvende resten av folket gjennom korpsspel.

Men, ein ting kan eg fortelje. Du blir ikkje sosialist eller fagforeiningsmenneskje av korpsspel. Fyrst må korpset stemmast, så må det trimmast og så må alle spele etter same rytme og tempo.

Og så MÅ alle slutte med ”En stjerne skinner i natt

Etiketter: , , ,


lørdag, desember 23, 2006

 

plutselig jul


Jul kom, men ikkje før den vesle juleafta. Vi måtte komme oss ut av huset og oppsøke nokon som hadde teke seg litt tid. Tid til å rydde jula inn.

Lenny skjønnar at noko er på gang. Det meste er nisse for tida. Nissepysj, nissemat, nissebleie, nissebil og nissedusj.

Etiketter: ,


søndag, desember 10, 2006

 

natta

Klokka har nettopp bikka sju, det er søndag og Lenny og eg er godt i gang med Barnas Supershow på DVD.
Lenny ropar ”heia-heia” i takt med barna i fjernsynsapparatet. Eg ventar på at kaffien skal bli klar.
Vi er på plass i eit nytt hus. Der er eigentlig berre ein leilegheit. For oss kan det virke som eit hus då det er så veldig stort. Vi har alle eigne rom, eigen trapp, kjøken med vaskemaskin, dørklokke med eigen dør, og eigen postkassen til avisa. Det er liksom ikkje måte på.

Etiketter:


mandag, november 27, 2006

 

Mánáid-tv

Kvar måndag ser Lenny og eg på Mánáid-tv (Samisk barne-tv) saman. Som oftast sovnar eg, mens Lenny ser vidare. I dag sovna eg ikkje.

I dag skulle samebarna slakte rein (noko dei sikkert har mykje og lang erfaring med). Vesle Sahara drog fram ein kniv som var lenger enn armen hennar. Far tok livet av (den stakkars) reinen og la den framfor velsejenta (som sikkert akkurat hadde runda 4 år). Sahara planta kniven trygt i halsen på reinen og tappa dyret for blod. Etter dette byrja ho å flå hovudet på reinen. Målet var å få laus tunga og komme inn til hjernen. Heime venta mor. Ho skulle lage pannekaker av hjernen. Sahara jobba intenst og klarte til slutt (med litt hjelp frå far) å komme inn til hjernen. Fasinerande!

og seinare ut på kvelden var det rein-hjerne-pannekaker til alle saman. Nydelig

Lenny viste ikkje heilt kva ha skulle tru.

Etiketter: , ,


søndag, november 19, 2006

 

Elg på vasken

Etiketter:


onsdag, november 01, 2006

 

lystig? neppe

Det måtte jo komme. Alle viste om det. Dei varsla det til og med. Men uansett likar eg det ikkje. Eg misslikar det veldig sterkt. Sjølv om eg har vore borti det før, kjem det veldig overraskande på meg kvar gong. Og så oppdagar eg at eg heilt har gløymt det. Gløymt korleis det eigentleg var. Eg likte det betre slik det var for ikkje så lenge sidan. Det var lettare då. No er det berre møkk.

Oppi det heile er det nokon som jublar. Dei skal liksom strø salt i auga på meg no som eg allereie ligg nede med ruinerte forventningar. Dei ser fram til det som kjem, og dei vil ha meir av det. Mykje meir. Meir er betre, for mykje er best. Destruktivt tenkjer eg. Destruktivt mot eigen kropp, for ikkje å snakke om sinne.

Eg har bestemt meg for å bli inne. Det er lettar slik. La det berre ligge der ute. Ikkje ta stilling til det, ikkje konfrontere det. Det som skjer ute kan styre med sitt, så kan eg styre med mitt her inne. Så lenge vi ikkje provoserar kvarandre skal dette kunne gå bra. Eg veit at det er ein slutt på dette og. Det er berre det at det er så veldig lenge til. Møkk!


Eg hatar når vinteren kjem

Etiketter: ,


mandag, oktober 09, 2006

 

Lenny snakkar

Lenny har verkeleg byrja interessere seg for ord. Det er helst ord som byrjar på B. Han skal endå slite litt med Scrabble. Her er eit lite utval fritt frå min hukommelse:

Bade

Ball

(men badeball går ikkje. Er det rart ungdommen sliter med samansette ord?)

Bæsj (betyr diverre ikkje alltid bæsj, men kan også ver eit uttrykk for merksemd)

Bleie

Banan (seier han som om han var frå Halden)

Bolle

Bebi (alle som er mindre enn Lenny)

Vann

Måne

Pasta

Meir (på saognamaol)

Ikkje (på moderat nynorsk, men vi høyrer j’en der inne)

Barne (som kan bety både Barne-tv og Barnehage)

De-no (som betyr smokk)

Anda

Datt ne’

Han kan berre ei frase endå, men det er til gjengjeld ein veldig høfleg frase: ”Akka ma” som tyder: "Takk for maten"

Neste punkt på opplæringsprogrammet er verb. Så fort han får inn nokre verb skal det bli moro.

Etiketter:


torsdag, oktober 05, 2006

 

Nyheter på tegnspråk

Eg ser ein del på Nyheter på tegnspråk. Ikkje fordi at eg er døv, men fordi dette programmet kjem mellom Mánáid-tv (Samisk barne-tv) og Barne-tv (den originale versjonen på norsk). Under Nyheter på tegnspråk blir det heilt stilt frå tv-en av den enkle grunn at personen som skal formidle nyhendene gjer dette med armar og bein. Men, kva med oss lyttande? Her har NRK ein gylden sjanse til å slå to fluger samstundes. Kva med å legge på litt musikk under Nyheter på tegnspråk? Kanskje det kan passe til armbevegelsane? Kanskje det kan utvikle seg til ein dans? Ein ny kunstform, kanskje? Ei fuge av Bach hadde gjort susen.

Berre ein ide.

Etiketter: ,


onsdag, oktober 04, 2006

 

Heime i dag


Heime i dag. Syns veldig synd på meg sjølv. Måtte bite i det sure eple og bruke min fyrste eigenmelding. På ein måte er det litt greitt, eg har liksom lov til å vere sjuk. Treng ikkje stresse for alt eg ikkje får gjort. Det er klart eg tenkjer på alt eg ikkje får gjort likevel, men eg blir ikkje så stressa av det.


Saman med febernedsettande, varm saft, nasespray prøver eg å slappe av med bok. Eg kan ikkje sitte her heime og synast synd på meg sjølv. Hugo er eit godt tiltak for å avlede empatien.

Etiketter: ,


søndag, oktober 01, 2006

 

tur-retur

Skulle eg levere Mr. L i barnehagen utan bilen. Kona hadde bilen. Eg hadde Oslo sine sporvegar. Vi sto opp kvart på sju, Mr. L og eg. I løpet av tretti minuttar hadde vi sitte på potte, kledd på oss, ete frukost, smurt matpakke (for kvarande), pussa tennene våre og var klare til å reise.

Trikken skulle gå trettito minuttar etter sju. Den kom litt seinare. Ved stadion på Grefsen gjekk vi av trikken for å ta ein buss vidare. Bussen kom etter kvart. Vi kom oss på bussen. Mr. L merka seg at det var mange andre saman med oss på bussen.


Etter litt var vi framme i barnehagen. Klokka var vel litt etter åtte. I barnehagen kledde eg av L, la matpakka i kjøleskapet snakka høfleg med ho som jobbar der, sa ha-det-bra til L og så fekk eg ein klem. No skulle eg på jobb.


I valet mellom buss (same vegen attende) og t-bane (ny rute) valde eg t-bane (slik at eg hadde prøvd alle tre moglege framkomstmiddel). Altså, fyrst t-bane til ny stadion, Ullevål. Så t-bane til Storo (krysset) og så til slutt trikk til jobben (Løkka’). Like før klokka ni spaserte eg inn på kontoret. Om lag ein og ein halv time etter at eg forlott heimen.


Det er klart eg må støtte det elles tåpelege forslaget om sekstimardagen, om eg skal rekke å hente junior før han blir kasta på gata.

Etiketter:


tirsdag, september 26, 2006

 

Oval helg: Paris

Kona hadde vore der før, det hadde ikkje eg.

Det er mykje ein kan seie om Paris. Det ofte mykje å seie når ein besøker andre land og kulturar. Ein får liksom kontrastane med på kjøpet av flybillettar. Saman med ein overflod av fantastiske gamle bygg, med ein historie eldre enn fleire eg kjenner, blir Paris fort noko ein opplever med hjelp av beina. Mykje vandring til saman.

Paris får poeng for eit par ting eg vil nemne. Vi, kona og eg, kunne i svært liten grad skimte butikk- eller restaurantkjedar i byen. Det florerte av kafear, restaurantar, delikatessebutikkar og andre matvarebutikkar. Men, ingen av dei var prikk like. Ei breidde, sortiment for ikkje å snakke om kreativt utval hos alle. Kanskje eit lite paradoks at vi bruke mykje av tida på Starbucks?! Vel, her har Noreg mykje å hente. Ein blir fort lei av prikk like butikkjedar, som eg i denne samanhengen ikkje ønskjer å bruke spalteplass på. Kanskje litt dumt at berre nokre få kjedeeigarar skal sitte att med alt overskotet, mens handelsinntekta kunne vore fordelt over mange fleire? Ikkje det at eg er økonom av noko slag, altså.

I fare for å høyrast ut som ein gammal, konservativ pensjonist vil eg berre slå fast at i Paris blir alt søppel fjerna frå gata heile tida. Det er ikkje så vanskeleg, sånn med tanke på å berre gjennomføre det (!!)

I fare for å framstå som ein lite avslappa fyr på ferie saman med kona si i ein fremmande by, vil eg berre slå fast ein ting. Vi sov, vi gjekk, vi åt, vi drakk (vin altså) og vi kosa oss. Utan barn.

Mr. L kunne melde om at han også hadde slappa av utan oss.

Etiketter:


onsdag, september 13, 2006

 

helga som var

Laurdag vandra Lenny og eg byen rundt utan noko anna mål for auga enn å oppleve noko vi ikkje hadde opplevd før. Det var berre oss to, og så var det resten av byen. Vi byrja på den eine sida av elva og vandra etter kvart over på den andre sida. Lenny kommenterte endringane i bybilete slik han oppfatta det heile. Eg kunne seie meg einig med det meste han påpeika. Alle er så mykje likare på den andre sida. Eg fortale Lenny om ein plass mellom to fjell. Eg fortalte han om plassen eg vaks opp på og alle sauene vi hadde der. Då eg var liten hjelpte eg til med sauene og jaga dei ofte frå ein plass til ein annan plass. Lenny kunne ikkje sjå kva som jaga alle sauene på den andre sida av elva. Eg kunne ikkje sjå nokon heller. Men, det var påfallande kor like alle var og kor like mål dei hadde for auga.

Søndag sat Lenny og eg bak i ei kyrkje. Vi ville ikkje vere til hinder for aktivitetane der framme. Bak, saman med oss, sat det andre som også ville ha eit distansert forhold til det heile. Lenny likte musikken i kyrkja. Eg fortalte at dei spelte og song salmar. Lenny meinte det var på sin plass med ein god applaus etter kvar salme. Eg nikka, men lot vere å applaudere. Ein skal vist ikkje applaudere for mykje heller. Etter ei stund måtte vi på do.

Etiketter: ,


søndag, august 27, 2006

 

familiebadeopplevingar

Klokka 11 i dag sto familien på tre klare utanfor bassenget. I bassenget var det lagt opp til familiebading. ”Maks tre barn per vaksne person, du har sjølv ansvar for poden, du har maks ein time på deg til å bade deg ferdig”. Perfekt for oss i og med at vi berre har ein pode.

Sjølv om bassenget opna portane presis klokka 11 denne dagen var vi ikkje dei einaste som kunne tenkje seg å duppe poden. Greitt det. Vi fant oss fort til rette i ”miljøbassenget” (ingen kunne forklare meg dette namnet på ein fullgod måte. Det var like mykje klor i dette vatnet som i det andre vatnet. I tillegg vassa det minst 40 små barn rundt i bassenget som garantert endå ikkje hadde kontroll på lukkemuskulaturen i dei nedste kroppsopningane).

Altså, oppi dette bassenget, som var mindre enn det store bassenget, sat det 40 podar (av begge kjønn (usikker på kva for kjønn ordet pode eigentleg er)). Saman med dei 40 podane sat det minst ein vaksen som hadde ansvar. Med andre var det minst 80 personar oppi dette plaskebassenget med ein vasshøgd på 60cm. Føresetnadane var på usikker grunn.

Mr. L (poden min) diggar vatn sjølv om han må ha på seg armflyteringar som begge er større enn hovudet hans (han skjønnar liksom nytten av dei). Han lot seg ikkje stresse av dei 80 andre.

Det utviklar seg fort ein eigen kultur i eit slikt basseng. Ein kan ikkje bevege seg og må med andre ord kommunisere med dei andre. Det går fort sport i å ha den yngste, modigaste og mest velutvikla poden. I kommunikasjonen med andre senkar ein fort alderen med både to og tre månadar, samtidig som ein presiserar at dette er fyrste gongen i vatn for poden. På denne måten skal ein liksom byggje opp ”kredd” for både ein sjølv og poden. Ikkje det at Mr. L tenkjer så mykje på kreddopptjeninga (men det kan komme til nytte seinare i livet tenkjer eg). Det heile enda med symjande podar på 20kg i ein alder av fem månadar. Ein skulle ikkje tru.

Timen gjekk fort og med klorraud hud labba familien (som endå var tre) i dusjen for å bli kvitt så mykje av miljøet som mogleg.

Det blir garantert fleire familiebadeutflukter denne hausten, i tillegg til beinhard trening her heime i stampen.

Etiketter: ,


torsdag, august 17, 2006

 

Genial marknadsføring

Reklamefolka bak sjokoladen "Yorkie" har gjort jobben sin godt. Raude bloggarar, som til dømes Minas Rare Tanker, har byrja hisse seg opp over denne kvinnediskriminerande sjokoladen (det står "Not for girls chocolate" på sjokoladen pga kaloriinnhaldet). Nokon ønskjer å boikotte Narvesen, andre ropar på statens lange høgrehand. Eg ler i skjegget mitt og må innsjå at no har eg også bidrege til å gjere sjokoladen endå litt meir kjent.

Etiketter:


onsdag, august 16, 2006

 

Prinsesse Ragnhild

Det er heilt greit at flatskjermar er billige og svært populære i desse dagar. Men, å sette opp flatskjermar på rekke og rad rundt heile Ullevål stadion under kampen mellom Noreg og Brasil blir ikkje anna enn irriterande og svært farlig. Når ein i tillegg vel å sende møkka-TV under heile kampen på desse 89 flatskjermane øydelegg ein liksom litt for sjølve kampen. For, det er jo kampen ein vil sjå, ikkje flatskjerm-TV.

I tillegg var eg så heldig at eg fekk sove på same hotell som det Brasilianske landslaget førre natta. Der var det mange barn med autografbøker som ikkje heilt såg forskjellen på fotballspelarar, trenarar, journalistar eller kelnerar. Alle med sommarbrun hud og eit anna språk enn norsk fekk signere. Men, då sjølvaste prinsesse Ragnhild kom til hotellet var det ingen som brydde seg. Snakk om å ikkje respektere kongehuset vårt.

Sjølv sikra eg meg ein autograf av prinsesse Ragnhild.

Etiketter: ,


onsdag, august 09, 2006

 

adjø

Sommaren er i ferd med å bli avslutta. Og for ein sommar det har vore. Kanskje tidenes sommar, om ein spør dei som har med det på gjere. Lenny har blitt kjent med vatn og fjord, men ikkje fjell. I tillegg er nye ord på b utvikla: bade, bleie, ball, bolle og burka er ord som går igjen stadig vekk. No Lenny trygt plassert i ein barnehage (endeleg puh…!).

Sjølv er eg i fast arbeid og kona driv rastlaust omkring heime. Det er mykje å sjå fram til og det er mykje å sjå attende på. Mykje tydar på at vi går ein god haust og vinter i møte.

Etiketter:


lørdag, august 05, 2006

 

Vi må ikkje gløyme..

om full barnehagedekning:
"For meg er dette så viktig at dere er kvitt meg hvis vi ikke får det til," sa SV-leder Kristin Halvorsen i ein partileiarutspørjing på fjernsynet før stortingsvalet i 2005

Etiketter: ,


søndag, mai 28, 2006

 

Eg lar meg stadig forbause...

... for her har du eit par unge menn som treng litt hjelp, eller noko å finne på på fritida si...

Etiketter:


søndag, mai 21, 2006

 

Langs Akerselva...

...kl 08.00 tideleg ein søndag. Lett duskregn, ellers god stemning. I tillegg til oss to - tre svette joggarar, fem hundar på lufting, fire sovande ender, ei barnevogn med sovande far på slep og ein full polakk som leitar etter ledig drosje langs Akerselva (lukke til!). Posted by Picasa

Etiketter:


fredag, april 07, 2006

 

No er tida inne

Er du smart samlar du saman nokre millionar, kjøper nokre fly med plass til ein del passasjerar, setter opp ruter til byar Norwegian ikkje flyr til og flyr som gal. No er det pengar å hente innan luftfart. Nokon som er med?

(litt bitter etter at påske i Paris blei ruinert…)


søndag, januar 29, 2006

 

Eit år er snart omme


Eg er vel ikkje nybakt lenger heller no.

Han er vel nærare 12kg, han går, han snakkar tull, han et sjølv, han blir sint, han delar ut klemmar, han leikar med andre barn, han syng, han ler, han ser på tv og han høyrer på musikk. Alt dette etter berre eit år! Det er berre å ta av seg hatten og skjerfet for Lenny. Han har hatt eit godt år med mykje å sjå attende på.


torsdag, desember 08, 2005

 

Råd fra en meget klok mann

En meget klok mann spurte meg i går: Har du hund? Svaret var da nei. Og han fortsatte: Er du egentlig tilstrekkelig takknemlig for at du ikke er ute på en sluddete, kald og våt kveld for å gå tur med hunden?
Det ga meg et nytt perspektiv på hverdagen. Jeg er rett og slett ikke takknemlig nok for alt jeg tross alt ikke må gjøre. Ingen hund som skal luftes, ingen kyr som skal melkes....

tirsdag, november 08, 2005

 

Eg saknar ein indeks for tid

Eg saknar ein indeks for tid. Grunnen til dette saknet er at eg ønskjer å kjøpe litt ekstra tid, i tillegg til dei 24timane eg har fått utdelt. På same måte som vi har indeksar for olje, gull, havre og Big Mac treng vi ein indeks for tid. Har vi ein indeks veit vi til ein kvar tid kva tid kostar. Det burde komme ein internasjonalt standard på kva ein time er verd. Det er med andre ord på tide å få tida på børs.

Tenk om eg kunne vakne, hente meg ein kopp kaffi, bla opp i Aftenposten og finne ut at i dag kostar ein norsk time 153kr, to prosentpoeng opp frå i går. Samtidig kunne eg lese at ein amerikansk time har tapt seg i verdi i forhold til ein europeisk time. Grunnen til dette verditapet er at det kvite hus har sløsa med tida. Når vi får tida indeksert og på børs kan eg til ein kvar tid vurdere om eg skal investere i nokre ekstra timar. Slik som i dag, då eg vakna, hadde eg intenst behov for nokre timar ekstra. Den ekstra tida kunne ein, til dømes, selje over disk som skrapekort. Ein kunne ha skrapekort med verdiane 1, 2, 5 og 10 ekstra timar. Tida er for statisk, slik det er organisert i dag. Vi treng i større grad dynamisk tid.

Etiketter:


tirsdag, oktober 04, 2005

 

Heimeverande far

Vi står opp. Guten kryp omkring. Avis, te og frukost. Kaffitraktaren blir satt i gang. Full tank. Meir leik på golvet, vi kryper begge omkring og synger songar eg ikkje kan teksten på. Kaffikopp nummer ein. Tid for graut. Guten et grauten sin og legg att litt på bordet, stolen og på brillene til far. Kaffikopp nummer to. Tid for søvn. Guten blir plassert trygt i senga. Pensum blir henta fram. Kaffikopp nummer tre. Guten vaknar. Leik på golvet. Kaffikopp nummer fire. Vi går ut. Magen vil ikkje ut. Magen vil ligge litt i ro.

Ute går vi langs elva. Vi helsar på alle dei andre som går langs elva. Dei har enten hundar eller barn dei dreg på. Hundane som møtes hoppar på kvarandre. Barn berre vinkar. Eg må på do. Vi stoppar ein plass. Eg kjøper ein kopp kaffi i pappkrus. Vi går vidare.

Vi kjem heim att. Kaffien heime er endå litt varm, men ikkje heilt varm. Guten leikar på golvet. Kaffikopp nummer noko. Han et ei banan. Han legger seg att. Eg sit på do.

Vi er halvvegs i dagen. Det er mykje kaffi att.

Etiketter:


tirsdag, september 13, 2005

 

Mindre godt val

Vel, så gjekk ikkje det slik eg skulle ønskje. Eg skal komme over det. Det går seg til her i landet. Sort sett heile tida. Men, kanskje vi bør binde lånet no. Det kan fort gå oppover om dei blir veldig ivrige.

Sjølv om eg tek det heile med fatning så ønskjer eg verkleg ikkje å oppleve Inga Marte Thorkildsen, Trond Giske eller Karita Bekkemellem Orheim som statsrådar. Av ein eller annan grunn har eg svært liten sans for alle desse tre.


Eg ventar i spenning.


Kva seier dei andre?
"The Norwegians have stepped onto an oily slippery slope towards the left. It is lucky that they can afford it."
Berlingske Tidende


"Once again Norwegian politicians were able to take a bath in the country's oil cash box."
Frankfurter Allgemeine Zeitung

Etiketter:


søndag, september 11, 2005

 

Godt val

I morgon fell dommen. Eg er spent. Sjølv stemmer eg for at vi skal fortsette slik vi har det. Vi har det alle veldig bra. Ingen grunn til å endre kursen no.

Berre synd at det er valmålingar, oppslutningar, barometer, termometer og målingar av meiningar som får herje dei siste vekene. Det tek så mykje av fokuset.

Og så er det blitt så kaldt ute, om kvelden. Og dei har byrja flytte inn i huset over gata.

Det blir spanande i morgon.

Etiketter:


onsdag, august 31, 2005

 

Valkampen

Eg følgjer jo med på kva som skjer, og dei to beste utspela så langt må vere:
  1. Senterpartiet som skal flytte 6000 arbeidsplassar ut av Oslo – frivillig!! Det gjekk jo så bra sist vi prøvde. Sjølv ønskjer eg å ta med min eigen arbeidsplass, Høgskulen i Oslo, når eg skal flytte til distriktet om eit par år.
  2. Sosialistisk Venstreparti som lova varm lunsj til alle barna og enda opp med ei gulrot og eit eple etter at dei fekk rekna litt på kva det heile ville kosta.

Ballen er rundt, og valkamp er valkamp.

Etiketter:


tirsdag, august 30, 2005

 

Full oversikt over jazzen i Oslo...



...kan ein finne her:www.jazzinoslo.no

og skal eg vere veldig frekk, noko eg sjeldan er, så vil eg anbefale ein plate som har stått i samlinga mi i veldig mange år, minst ti år om eg skulle tippe. Black/Note heiter gruppa, Jungle Music heiter plata. Eg likar ikkje legge ut om musikken med mange, nye og tullete adjektiv slik dei ofte gjer i aviser og andre publikasjonar. Det einast eg vil seie er at det som er så fint med denne plata er at du kan sette den på i alle fora til alle tider. Den passar seg, liksom, heile tida. Det er det som er så fint med den.

tirsdag, august 23, 2005

 

meir om denne jazzklubben...

Jazid:
Fyrste konsertkveld er over og alle smiler lurt i barten. Mykje særs god musikk, om lag seksti folk innom døra og ein haug med god stemning. Dette kan bli bra.

To høgdepunkt i løpet av kvelden:

  1. Country versjonen til Henning Strandens Minitrio av ”Come together”
  2. Det vanvittige drivet, eller energien om du vil, Eirik Hegdal, Ingebrigt Håker Flaten og Thomas Strønen klarte å skape seg imellom. Veldig godt for både kropp og mage. Rockefoten fekk sin porsjon også.

No er det berre å sette seg godt attende og vente til neste konsert. Mykje godti vente.

(Diverre gjekk eg tom for batteri på kamera, så både mengde og kvalitet når det kjem til bilete er kraftig avgrensa.)


Henning Strandens Minitrio

Etiketter:


torsdag, august 18, 2005

 

Jazid i Aftenposten

Aftenposten/Oslopuls omtalar Jazid i gode ordelag

Etiketter:


tirsdag, august 09, 2005

 

Program på plakaten


...og om du trykker på bilete blir det større, veit du

Etiketter:


torsdag, august 04, 2005

 

6 måneder


Oppe og står. Men styrken er større enn vettet! Denne gutten skal få noen skrubbsår og blåmerker.

Etiketter:


fredag, juli 29, 2005

 

klapp-klapp

To tredjedelar av alle lokale FrP politikarar klappar på ein og tre

eg kan ikkje seie kor eg har det frå

Etiketter: ,


søndag, juli 17, 2005

 

Leander på ferie


Når Leander er med på bilferie sitter han bak, heilt bak, i bagasjerommet.

Etiketter: ,


 

Rock mot ras


Dette gjekk eg glipp av, men sjekk alle dei dødskuule bandnamna (klikk for endå større bilete)

onsdag, juli 06, 2005

 

ferien og oss

Vi har eigen bil no. Det passar fint med bil når det er ferie. No har vi som folk flest pakka bilen med det vi treng, samt barnevogn, bleier og barn. Vi har berre eitt barn. Likevel er bilen full. Trur ikkje vi skal ha fleire barn på ei stund. Det held med eitt barn no, så lenge.

No er ferien, og vi, på plass ved ein fjord. Frå no av og framover skal vi berre slappe av, feriere, finne oss sjølve, sove søvn vi ikkje har sove og fylle batteria med energi og fjordluft vi ikkje får kjøpt i byen vi lever i til vanleg. Vi skal også lese alle bøkene vi ikkje fekk lese i fjor, skrive artikkel, ferdigstille ei brosjyre, planlegge ein jazzklubb, sette opp nettsider og bruke tid på den vesle som treng at noko brukar tid på han heile tida.

Så lenge fjorden let meg få sjekka posten min, den elektroniske, slappar eg av.

Plassen ved fjorden heiter Luster og er ein plass i indre Sogn. Eg er født og oppvaksen i Luster. Eg har flytta frå Luster. Luster er trygt plassert midt i Noreg sin store natur ved ein fjord. Fjorden er lang, og langs fjorden går det ein veg (det går ofte vegar langs fjordane). På ein passande plass langs fjorden og på begge sider av vegen har folk busett seg. På begge sider ruvar det høge fjell. Det er vanskeleg å sjå over fjella. Enten ser ein innover i fjorden, men det er ikkje så mykje lenger å sjå, eller så ser ein utover fjorden og der ute bur alle dei andre vi ikkje kjenner så godt. Utover fjorden går ferjene. Det har sikkert budd folk her lenge. Folk som bur i Luster held på med sitt slik folk flest eigentleg gjer. Dei held på med sitt inne i fjorden og lenger ute i fjorden held dei også sikkert på med sitt.
Ferien går snart vidare.

Etiketter:


torsdag, juni 30, 2005

 

Sommarmusikk


Det er berre eit album eg har spelt kvar sommar i 10år.


Det er mykje rart å seie om folk frå Trøndelag, og kanskje er det litt tilfeldig at det er tre trønderar, eller kinesarar som dei sjølv ønskjer å bli kalla, som står bak tidenes sommaralbum. Men, uansett trønder eller ikkje, ”Hjertemedisin” er faktisk innmari bra. Musikken er lett og ledig, passe luftig med ein eim av solfaktor og eik. Smakar du på musikken vil du dra kjensel på smaken av søt tobakk, piska lær og nykverna blyantspiss. Kan tenkast at ”Hjertemedisin vil vare ti år til….


...og bilete er skanna frå albumet,
slik at kjeldevisninga er korrekt...

www.soleplassland.net

Etiketter:


søndag, juni 26, 2005

 

Det går så mykje betre no

I dag har eg opptredd som fotballsupportar for Sogndal i Ski idrettspark. Der møtte nynedrykka Sogndal nyopprykka Follo i eit botnoppgjer. Saman med 669 andre publikumarar fekk vi etter kvart oppleve ein spannande kamp. Sogndal trakk eit strå og tok med seg sigeren heimatte. Men det var, diverre, lite kvalitetsfotball i idrettsparken i kveld. Til tider kunne det heile minne om ein lilleputtkamp med 21 spelarar innan 16m der ingen heilt veit kor ballen er. I tillegg spelte begge laga i stor grad måkefotball der ein lempar ballen framover og håpar på at noko på same laget skal få tak i ballen. Vel, sigeren var det viktigaste og alle tre poenga hjelpte i den store samanhengen.

Alle snakkar om været: Sola strålte.


fredag, juni 17, 2005

 

Ferien

Ferien er her no. Eg har venta lenge på ferien. Torsdag gjennomførte eg verdas lengste kroppsøvingstime. Den varte i heile sju timar. I 30minutt av disse sju timane hadde eg eksamen. Eg gjennomførte ein time med turn med hovudvekt på øvingar på matte. Det blei mykje rulle og rotasjonar. Sensor var glad, eg var glad og ferien var eit faktum.

I morgon skal eg feire byrjinga på ein god ferie i Frognerparken. Der skal Crosby, Stills & Nash spele opp til dans. Eg skal berre lytte på. Det skal bli så godt å få oppleve eit band med så mykje musikkhistorie pakke i ryggsekken. Når Leander blir litt eldre og tek fram ei, etter kvart eldre, plate med Buffalo Springfield kan eg som far skryte av at eg fikk oppleve David Crosby og Stephen Stills live.

Alle snakkar om været. I morgon blir det fint vær.

Etiketter:


mandag, juni 13, 2005

 

Leander krabbar

I dag har Leander (4mnd, 13dg) krabba for fyrste gong. Han har krabba heile to meter (eg målte opp med hjelp av augemål). Han krabba frå matta si og fram til fjernsynet med alle dvdane. Der tok han tak i den fyrste og beste (For a few dollars more med Clint Eastwood, av Sergio Leone) og reiv den ut før han snudde 190grader (også augemål) og venda nasa mot kjøkenet. Krabbeteknikken er enkel no i byrjinga og består av to enkle element: heve rumpa og sparke frå med beina.


Etiketter:


onsdag, juni 08, 2005

 

Eg likar ikkje å køyre bil åleine

Eg likar ikkje å køyre bil åleine. I dag har eg køyrt 440km åleine. Det er veldig kjedeleg å køyre bil åleine. Eg er redd for å finne på noko gale når eg køyrer bil åleine og det er ingen der til å passe på meg. Ta til dømes nedfarten frå Sognafjellet. Der er det mange svingar, veldig bratt og mykje snø og eg opplever ei freisting til å berre køyre rett fram, hoppe med ein fart på 80km/t, treffe snøen, skli med bilen som ein kjelke og kjenne korleis kollisjonsputene treff meg i andleta. Det heile må vere ein ganske spesiell og gunstig oppleving. Men eg gjer det ikkje. Eg køyrer slik eg skal, rett heimatte. Men eg stoppar i Otta. Der kan eg få gratis kaffi.

Statoil har lurt meg. Eg har kjøpt ein kopp av Statoil. Eg kan fylle koppen med automatkaffi utan å betale for det. I retur får Statoil meg til å kjøpe bensinen, pølsa og brusen eg treng – hos dei. Dei tenar sikker mykje pengar på meg.

Når eg køyrer åleine høyrer eg på Velvet Underground and Nico. Den som er produsert av Andy Warhole. Eg høyrer på dette albumet av den eine grunn at gitarlyden er så veldig god. Betre gitarlyd kan du faktisk ikkje finne nokon annan stad.

No har vi kjøpt bil. No er vi nesten ferdigetablerte. No manglar vi berre eit kjøletårn. Alle heimar med mykje god respekt for seg sjølv har eige kjøletårn. Vi skal plassere kjøletårnet vårt på verandaen.

Etiketter:


 

Halla' Balla'

Er du ein Herre må du passe på arvegodset - her kan du få litt hjelp

søndag, mai 29, 2005

 

Støy

Onkel, du har meldt Leander inn i Norsk forening mot støy!! Kva i alle dagar… i ein alder av fire månadar får Leander no tilsendt medlemsbladet Støymåler’n.

Kva er det du prøver å seie med denne handinga?

Etiketter:


søndag, mai 22, 2005

 

å suge - syg

Er du nynorskbrukarar eller set du litt ekstra pris på nynorsk, enn til dømes Dagbladet, vil eg råde deg å lese ein artikkel i, nettopp, Dagbladet søndag 22. mai som går under namnet "Nettporno på nynorsk". Herrane bak Radio Røynda reagerar blant anna på korleis verbet å suge er bøygd.

Sjølv er glad for at pornoen endeleg er sidestil med stortingsmeldingar og riksaviser. Det har vore ein lang, men viktig kamp.
"Det er mye båstenking rundt nynorsken, og i enkelte sammenhenger, som stortingsmeldinger, riksaviser og porno har nynorsken vært lite brukt."

fredag, mai 20, 2005

 

Sauer og koordinasjon


Det regnar svarte sauer og det er lite triveleg ute. Ingen god avslutning på ei elles kort veke. I dag var dagen det skulle grillast på små ein-gongs-grillar frå Sverige. Det var i dag eg skulle lære nesten hundre internasjonale studentar korleis ein ekte nordmann grillar i den lokale parken. Men tanken på klissete pølser og forfjamsa og skuffa studentar fristar i mindre grad. Då er det betre å rette nasa heimover til kone og barn og la Idolkonseptet stå for underhaldninga.

Og ikkje nok med det. Eg er halvveges kommen i årets eksamensheat. Etter fire timar med sansemotorikk, knebøygarar, tradisjonsleik og koordinasjon er det berre tre stykk eksamen att. Eg kan skimte sommarferien langt der framme.

Etiketter:


onsdag, mai 18, 2005

 

Kven er denne karen...

...som eg klarte å fange med kamera i Frognerparken her om dagen?


Heilt tilfeldig og utan varsel reiv han av seg skjorta framfor to uskyldige jenter og fikk lurte dei til å smørje ryggen inn med olje.

Ungdom no til dags...

 

Fire generasjonar

Østlandets Blad kunne 17. mai observere og dokumentere fire generasjonar Nylenna i Ski sentrum. I midten ein stolt morfar.


(Foto: Ole Kr. Trana)

Østlandets Blad 18.mai 2005

søndag, mai 01, 2005

 
Endeleg har Leander byrja sjekke damer. Her har han lagt an på Margareth Aurora (5 veker). Tippar han blir glad når vi kjem trekjande med dette bilete om 15år.


Leander, three months

Etiketter:


mandag, april 25, 2005

 

Ane Hammerø

Ein stor gratulasjon til Ane Hammerø som er årets ungdomsleiar. Den knakande kjekke jenta har tidenes porsjon pågangsmot og stålvilje. Det er slettens ikkje verst å bli kåra til årets ungdomsleiar i organisasjonslandet Noreg. Må seie at eg er ein tanke stolt av å kunne seie at eg kjenner Ane……

"Ane Hammerø årets ungdomsleder" og begrunninga til juryen.


…og snart skal vi lage jazzklubb saman (men meir om det seinar….)

hal


tirsdag, april 19, 2005

 

Det er ikkje noko tvil...(fotball denne gongen)

...om at Sogndal kjem til å rykkje rett oppatte i Eliteserien etter denne sesongen. To gode kampar og 6 poeng seier det meste. Etter bortekampen mot Skeid på Voldsløkka skreiv Aftenposten ”Sogndal et topplag - ikke Skeid”. Say no more!

Neste veke møter Sogndal Sandefjord heime på Fosshaugane. Sjølv om Sandefjord har kjempa for å komme seg opp i Eliteserien dei to siste sesongane skal det veldig mykje til å slå spelarprodusenten Sogndal heime.

"Kjører til Eliteserien": Utanom bana skal spelarane få kose seg i buss denne sesongen. Til saman 160timar i bussen og om lag 10.500km i vente. Steike...det er langt det! Kan det vere sundt for kroppen?

Sogndal Fotball - Landslagsfabrikken

Etiketter:


tirsdag, april 12, 2005

 

Bella er ein gris

Bella er ein rosa gris. Leander fekk Bella av onkelen sin. No byrjar Leander å bli glad i Bella.

Spørsmålet er om rosa skal vere fargen til Leander....?? Eg meinar, gode trygge verdiar må leggast til grunn tideleg i oppveksten. Og farge er ein viktig verdi. Kva for ein person blir eigentleg Leander om han veks opp med ein rosa gris?

Rykter vil ha det til at andre barn i barselgruppa til Leander har byrja snu seg på eiga hand. Dette er urovekkande rykter her i familien og vi starta fort opp med ein snuopprasjon. Kvar dag trenar Leander minst 3 timar på snuøvingar. Målet er at guten skal kunne snu seg frå mage til rygg og attende til magen i løpet av dei neste tre vekene. Vi kan for all del ikkje ligge bak dei andre barna i utvikling.

Eit anna viktig prosjekt er Leander-sitt-fyrste-ord prosjektet. Her i familien har vi komme fram til at Leander sitt fyrste ord skal vere rikstrygdeverket. Vi har byrja på byrjinga og jobbar med ordet/lyden "r-i-k-s". Etter at Leander kan seie rikstrygdeverket kan han lett seie ord som riksarkivet, riksbibliotektjenesten, riksantikvaren, riksadvokaten osv.

Mykje spennande utvikling i vente med andre ord.


Leander and Bella the Pig

Etiketter:


søndag, april 03, 2005

 

overgang

Påsken er over, eg har meistra snøbrettkøyring (til ein viss grad), årets influensaangrep har flytta ut, Leander veks fortare kvar dag, eksamen nærmar seg og snøen har smelta vekk. Med andre ord så er det snakk om vår her i huset.

Easter tour05 blei avslutta andre påskedag. Heldigvis var det ikkje berre oss tre som skulle forflytte oss med bil frå Ålesund til Oslo, men vi slapp unna dei verste køane og kom oss trygt heimatt.


Leander som sjåfør
hal

fredag, mars 25, 2005

 

Easter tour05

Location Ålesund:
Som nordmenn flest er vi på reise i påskeferien. Men, skia ligg at i byen (vel, vi har vel eigentlig ikkje eigne ski…)
Oslo – Luster - Ålesund så langt, 660km. Leander (7 veker) kosar seg bak i bilen. Høgdepunkt så langt for den førstereisande er tunnelar, humpar, skarpe svingar og automatisk bilvask. Vi vaksne har konkludert med at møkkakøyring (min 130 km/t og drøye forbipasseringar) blir gjort av Volvoar (min 2001 modell).

Så, er du eigar av ein nyare Volvo vil eg seie sjansen for at du er ein møkkasjåfør er stor.

hal


lørdag, mars 05, 2005

 

GP suger

Eg innrømmer det, eg såg den norske Grand Prix finalen i kveld. Eigentleg underhaldt eg son min. Han har eit enormt behov for å suge, men klarar ikkje halde smokken i munnen meir enn fem sekundar om gongen. Han treng med andre ord hjelp til å halde smokken i munnen stort sett heile tida. Dette førte til at eg fekk med meg store delar av GP. Det meste er sagt før om dette ultra-harry konseptet som berre blir eldre og eldre. Dette kan, diverre, ikkje hindre meg å ytre meg om dette tema:

For, det kan vel ikkje vere heva over noko som helst tvil at musikalsk så er vi på eit lavmål.

Når det er sagt… i dag strakte Leander seg til heile 59 cm (23,23 inches long). Han har med andre ord vokse 6cm på 33 dagar. Det blir nesten 2 millimeter pr dag det!

hal

Etiketter: ,


lørdag, februar 26, 2005

 

25 dagar gammal møtte Leander Åshild.

onsdag, februar 16, 2005

 

Finally Leander gets to meet his second Grandmother

Etiketter:


mandag, februar 14, 2005

 

Leander, the name:

Etiketter:


torsdag, februar 10, 2005

 

Leander 9 days old


He has started to sleep at night, he eats all the time, he poops and he goes outside shopping. In other words, a very nice kid!

Etiketter:


onsdag, februar 02, 2005

 

Leander in his first diapers

Etiketter:


 

Leander and Grandparents

Etiketter:


 

Leander awake and dad sleeping

Etiketter:


 

One happy dad

 

Leander born Feb 1st


Leander, 3940gram og 53cm lang

Etiketter:


søndag, januar 30, 2005

 

Hjelp!

Nå er det gått ni dager siden termin. Hva i alle dager skal en overtidig stakkar finne på? Det er ryddet i hver krik og krok. Duker og sengetøy har fått nye plasser, skjerf, votter og luer har fått hver sin hylle. Til og med vinduene på soverommet er vasket. Det er ikke stort mer å gjøre. Vi prøver oss med et kafebesøk hver dag i alle fall. Det er jo viktig å komme seg ut, møte andre folk (som har et litt mindre skylapp-preget syn på livet!) og dermed holde både døgnrytme og personlig hygiene i orden.
Vi går inn i en ny søndag. Den ørtende i rekken. De siste tre helgene har vi hver gang trodd skulle bli vår siste som tosomme. Nå tviler jeg faktisk på at dette blir siste. Han ønsker kanskje å bli et sommerbarn, denne lille? Og første sommerdag er vel ikke før 14. april???
Astrid

Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007   mai 2007   august 2007   september 2007   oktober 2007   november 2007   desember 2007   januar 2008   februar 2008   mars 2008   mai 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]